Ivar Mork ute med sin første roman:

Fiksjon basert på stygg ulukke

Dei første tilbakemeldingane går ut på at haddalingen Ivar Mork har skrive ei bok som er vanskeleg å leggje ifrå seg.

«Fonna»: Utgangspunktet er henta frå den såkalla Utola-ulukka på Hjørundfjorden 1. januar 1770l der 77 unge menneske i eit brudefølgje omkom.  Foto: Endre Vorren

Kultur

– Ein er forma av sine omgjevnader. Eg vaks opp nær mine besteforeldre. Deira historier og måte å fortelje er på mange vis noko som kjem til uttrykk i denne boka.