Kvamsøyfolket takka Bjerkvik

Mange møtte opp på preike søndag i anledning Sigmund Bjerkvik sin siste «opptreden» i Kvamsøy kapell.

Sigmund Bjerkvik sin siste gudsteneste på Kvamsøya: Her ser forsamlinga som møtte opp for å takke Sigmund Bjerkvik for hans lange teneste.  Foto: Arne Werkland

Kultur

– Du har hatt ei eiga evne til å omgåast folk og til å takle forskjellige situasjonar på din eigen gode måte. Med ei fin blanding av humor og alvor formidlar du så lett det du har å seie. Det vert av og til sagt at nokon har «ordet i si makt». Det er sant om deg.