Kommunen om å drive Herøy kystmuseum sjølv:

– Har vore ei positiv erfaring

Besøkstalet på Herøy Gard heldt seg høgt gjennom heile sommaren. Også kultursøndagen 30. august var ein suksess.

Kultursøndag: 30. august vart sommaren på Herøy gard avslutta med kultursøndag i regi av Herøy mållag og Herøy kystmuseum. Mellom anna heldt Sæmund Helde konsert frå balkongen.  Foto: Eileen Gjerde

Kultur

– Eg stod på kjøkkenet heile tida. Det gjekk iallfall 20–25 gryter med rjomegraut.