«Aljamarkir» er ei bok eg ikkje hadde vore i stand til å skrive – før no

To forfattarar som begge er busette i Hareid, er bokaktuelle så å seie simultant denne hausten. Det er Øysten Orten med boka «Krigshistorier» og Odd Goksøyr med «Aljamarkir».

Bokbad: Gunder Runde og Odd Goksøyr samtalte om den nye boka til Goksøyr, «Aljamarkir».  Foto: Jorulf Myrene

Kultur

Torsdag denne veka var det bokbad på Ulstein bibliotek der ein handfull, det vil seie rundt 30, litteraturinteresserte fekk verte nærare kjende med både forfattar Odd Goksøyr og den nye boka hans.