Kultursøndag på Herøy kystmuseum

Søndag 30. august ynskjer Herøy Mållag og Herøy Kystmuseum å markere at sommaren gjeng over i haust på vakre Herøy! Dette gjer vi ved å arrangere kultursøndag, der innhaldet naturlegvis står i lokalkulturen sitt teikn.

Kultursøndag: Herøy Kystmusem med jekta Anna Olava.   Foto: Herøy Kystmuseum

Kultur

Endeleg! Rjomegraut!

Museumskafeen sel rjomegraut av ypperste klasse, i tillegg til anna « bite ti´», så denne dagen kan ein nyte både middagen og kaffematen på garden.

Forteljeframsyninga «Djupdykk blant mystiske vesen i Blåmyra»

I sjøbuda held Guri Aasen forteljeframsyning med lokale segner, der tilhøyrarane får stifte kjennskap med eit utval av dei underlege, trolske og stundom fryktinngytande skapningane vi må ut i det ville havgapet på Sunnmørskysten for å få auge på. Slike som kraken, åletusten, draugen, havbokkjen, marmælen og margygra. Ispunne vitnesbyrd om truverdige godtfolk sine møte med desse sjøvettene, får publikum óg lære litt av kvart om gamle merke på godt og ringt fiske, og om magi som fremjer lukke eller kan føre til ulukke til havs.

Segner: «Tvende slags Norske Söe Orme», Norges Naturlige Historie, Biskop Eric Pontoppidan 1752 

Konsert med Sæmund Helde!

Om vergudane stend oss bi, held Herøy sin eigen « Jakob Sande», unge Sæmund Helde, intimkonsert i den gamle eplehagen bak hovudhuset. Her bér han fram eit knippe av sine sjølvskrivne songar om gamle historier frå havet og havkulturen, sjølvsagt med tekstar på kav sunnmørsk. Ved regn vert konserten i sjøbuda.

Konsert: Frå konserten med Sæmund Helde sommaren 2020.   Foto: Herøy Kystmuseum

Museet held ope som vanleg

Programmet er gratis, men i tillegg kan ein tinge omvisning til vanleg inngongspris.

Jekta Anna Olava ligg ved kai ved sjøbuda og kan óg vitjast.

Betalingsmåtar er Vipps og kortterminal.

Arrangementet vert tilrettelagt i høve til gjeldandene smittevernreglar.

Hjarteleg velkomen til gammal og ung!