LIZZ ute med ny låt: – Ei takk til fansen

Det var sine trufaste lyttarar og fans Lisabeth Brekke Sylthe, også kjend som Lizz, hadde i tankane då ho førre veke presenterte nok ein singel.

Ny Låt: Slik ser coveret ut for den nye låten. Pressefoto 

Responsen har vore enorm. Eg trur ikkje eg har hatt ein slik respons før! På berre ei veke nærmar eg meg no 20.000 avspelingar.

LIZZ
Kultur

For Kvamsøy-artisten har 2020 på mange måtar allereie vore eit innhaldsrikt år. Så langt har Brekke Sylthe lagt bak seg ei vellukka singel-utgiving med låten «No. 2», som i skrivande stund har over 60.000 avspelingar på Spotify, for å ikkje gløyme at ho i sommar også stakk av med Musikkprisen. No kan sandssokningen føre opp nok eit punkt på årets merittliste ettersom ho i førre veke lanserte sin nye låt «Can`t get enough».