Triveleg søndag på lokalkafé i Hallebygda:

- Viktig å vere godt vertskap når det kjem folk til gards

Kråen gard i Hallebygda på Larsnes har i sommar opna «Gardsmatkafé». Tilbodet er særs godt likt i lokalmiljøet, og det strøymer inn med gode tilbakemeldingar både på maten og stemninga.

Ein venninnegjeng frå Ulsteinvik brukar å ta seg ein biltur i nærområdet. Dei hadde høyrt om gardskaféen i Hallebygda, og fann ut at dei ville teste ut. Alle var einige i at det er ein fantastisk flott kafé, med gode kaker, og god stemning. «Vi kjem garantert tilbake!» seier dei i kor. Frå venstre Sara Flø, Eli Kim Tødenes, Synnøve Rabben og Erle Nedrelid Strand.  Foto: Håkon Vestnes

Fokuset i antikvitetsavdelinga er i hovudsak norskprodusert glas og porselen.  Foto: Håkon Vestnes

Det bugnar av gardsprodukt og gode kaker i kaféen. Drivarane av Kråen gard, Veronika og Terje Grønmyr, ynskjer alle velkomne til gards.  Foto: Håkon Vestnes

Koseleg stemning i uteområdet på gardskaféen.   Foto: Håkon Vestnes

Gardsjenta Linnea Grønmyr, her med geita «Pippi» var ofte opp i bakkane og henta heim geitene, slik at gjestane fekk både helse og klappe dei trivelege dyra.   Foto: Håkon Vestnes

Inngongen til kaféen.  Foto: Håkon Vestnes

Mykje spanande antikvitetar i butikken.  Foto: Håkon Vestnes

Kultur

Terje og Veronika Grønmyr kjøpte garden i 2017, og har jobba med restaurering og klargjering for kafèdrift sidan dei tok over. Koronasituasjonen sette litt stoppar for utviklinga, men no er alt det formelle på plass og drifta er starta.