Sandsøy Hornmusikk med eigen musikkvideo:

- Må marknadsføre det vi bryr oss om

Etter 61 års eksistens, har "det lisje korpset med det store hjartet" laga sin første musikkvideo.

Sandsøy hornmusikk: Frå innspelinga av musikkvideoen med låten "Vidda" av Ole Edvard Antonsen.  Foto: Skjermdump frå videoen som er laga av Kjetil Longva.

Kultur

Dei er ikkje mange; åtte faste medlemer på ein god øvingsdag - men noko gjer dei veldig rett, for utflytta sandsøyingar kjem med jamne mellom rom heim for å spele i lag med korpset. Musikkvideoen, som Sandsøy Hornmusikk spela inn i Sande kyrkje og i området rundt på den varmaste helga i juni, var ei slik anledning.