«Anna Olava – i fotspora til den gløymde husfrua på Herøy Gard»

Komande søndag (26. juli) inviterer Herøy Kystmuseum til forteljeframsyning i hovudhuset.

Guri Aasen: Her ser vi for­tel­jar Guri Aasen un­der første fram­sy­ning om kor­leis Anna Ola­va set­te sitt preg på både kvar­dags­liv og høg­tid. Fram­sy­nin­ga­ne finn stad i sto­ve­ne og kjø­ke­net der Anna Ola­va lev­de mykje av sitt liv.   Foto: Anna Sævik Nærø

Kultur

Her får tilhøyrarane vere med Guri Aasen i Forteljeriet Vestafor Måne på ei historievandring 250 år attende – til Herøy Handelsstad si storheitstid på andre halvdel av 1700-talet, opplyser arrangørane i ei pressemelding.

Om framsyninga heiter det vidare:

Nede ved kaia ligg sunnmørsjekta Anna Olava. Men kven var eigentleg kvinna som i 14 år var husfrue her og som den ærverdige skuta er oppattkalla etter?

Meir kjend er nok husbonden Sivert Olsen, som var den fyrste store handelsdrivande på Herøyholmane, og som i tillegg kunne smykke seg med titlane kyrkjeeigar og proprietær.

Medan Sivert og mange andre «anseelige herrar» sine ettermæle er teke i vare for etterslektene gjennom hyllemeter med skriftlege kjelder, kviler det ein øyredøyvande tystnad kring Anna Olava og medsystrene hennar sine bragder. Dette søkjer denne framsyninga å bøte på!

Gjennom å lime saman fragment frå kyrkjebøker, arveskiftedokument og litteratur om kvinnene sine levekår på 1700-talet, ynskjer Guri Aasen å skape eit bilete av korleis livet til Anna Olava kunne ha arta seg på denne handels- og kyrkjestaden med sitt yrande liv.

Ingenting er meir naturleg enn at den sceniske ramma er nettopp stovene og kjøkenet der Anna Olava Berg Olsen sjølv sette sitt preg på kvardagsliv og høgtid, arbeid og fest, og der ho opplevde både store gleder og tunge sorger.

Gjer koronatilpassingar

Som følgje av dei gjeldande koronarestriksjonane kan berre 15 tilhøyrarar vere med på framsyninga. Men arrangøren lovar at dersom det skulle syne seg å kome «altfor mykje» folk som vil vere med, vert det sett opp ei ekstraframsyning like i etterkant av den fyrste.

Framsyninga varer i om lag 45 minutt. Arrangørane oppfordrar elles dei som ønsker meir informasjon om arrangementet til å besøke Herøy kystmuseum si Facebook-side eller ta kontakt direkte med Herøy Kystmuseum.

Dei lokkar samstundes med at alle som kjøper billett til framsyninga får med ei «Herøy Gard-vaffel» med drikke som ein del av billettprisen.