Norge vart koronastengt berre dagar før filmen skulle ha premiere:

I august får du endeleg sjå kinofilmen om Bygderadio Vest

Søndag 9. august er det duka for uoffisiell verdspremiere på filmen "Radiokameratane". Det skjer i Fosnavåg og Volda.

Radiokameratane: 9. august blir første sjanse til å sjå filmen om Bygderadio Vest. Filmen er produsert av Herlig Film og TV i samarbeid med mellom andre Norsk Filminstitutt, Fritt Ord og NRK.  

Kultur

– Filmen har vore klar sidan i vår, så no gler vi oss veldig til at den endeleg kan visast for publikum i Volda og Fosnavåg, seier produsent André Folkestad i Herlig Film og TV, i ei pressemelding.

Herlig Film og TV står bak produksjonen av kinofilmen, som det var Folkestad sjølv som fekk idéen til. Det skjedde då han litt tilfeldig fekk inn sendingane til Bygderadio Vest på den gamle FM-radioen han hadde i bilen. Filmprodusenten, som også har lang radioerfaring frå NRK og P4, blei sjarmert av både programleiarane og sakene som blei tatt opp.

– Bygderadio Vest går mot radio-straumen på fleire måtar. Dei held framleis fast på sendingar på FM-nettet, inga sak er for lita eller stor, og sakene dei tek opp blir ofte bretta ut med så stor tyngde at sjølv NRK P2 ville gitt seg for lenge sidan, seier Folkestad tydeleg imponert.

– I tillegg er radioen eit resultat av eit enormt dugnadsarbeid som det står stor respekt av. Gratisarbeidet som blir lagt ned både i redaksjonen og rundt det tekniske gjer at Bygderadio Vest kan sende lokalt radioinnhald til alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, legg han til.

Sundnes og Kvalsvik blir filmstjerner

I filmen blir vi spesielt godt kjent med herøyværingane Paul Sundnes og Olav Kvalsvik, samt voldingen Øystein Bakke. Før filmen eigentleg skulle ha premiere den 22. mars, sa Olav Kvalsvik dette til Vestlandsnytt:

– Eg er veldig spent på korleis filmen er blitt. Vi har ikkje sett han, men eg trur dei har fått med seg det meste som rører seg i radioen.


No er filmen om Bygderadio Vest, Radiokameratane, kino-klar:

- Eg har blitt så fascinert over denne gjengen

I over to år har det Larsnes-baserte filmselskapet Herlig Film & TV gått i hælane på gjengen bak Bygderadio Vest. 22. mars har dokumentarfilmen si premiere, og dei lokale radiokjenningane både gleder og kvir seg til å sjå seg sjølv på kinolerretet.


I tillegg har sandssokning Tor Sivertstøl vore filmfotograf på filmen. Saman med regissør Ingrid Ese har han jobba hardt for å gjere filmen til eit solid prosjekt også på produksjonssida.

Ein feelgood-film med sjarmerande karakterar

Regissør Ese, som i to år pendla mellom Lillehammer og Søre Sunnmøre for å gjere opptaka til filmen, seier dette om "Radiokameratane":

– Sjølve historia i filmen skildrar livet i den lokale radioen som strevar med økonomi, rekruttering og marknadsføring. Og det blir jo heller ikkje enklare når resten av radio-Norge går på DAB, og bygderadioen blir igjen einsam på FM-nettet.

– Men i det store handlar filmen om godt kameratskap, og om å gjere ein gratis innsats som kjem mange andre til gode. Radiokameratane er ein feelgood-film med sjarmerande karakterar, og mykje humor og varme, seier Ese fornøgd.

Eigen tv-versjon på NRK

Etter den uoffisielle verdspremieren i Fosnavåg og Volda i byrjinga av august, står den offisielle premieren for tur. Det skjer under anerkjende Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) i oktober. Deretter blir filmen tilgjengeleg for resten av kino-Norge, og etter kvart kjem det også ein eigen tv-versjon på NRK.