Opnar nysatsing i Voldnes-bygget inst i Fosnavåg: – Skal formidle kreativitet

Seinare i sommar opnar det ei spenstig nysatsing i det gamle Voldnes-bygget inst i Fosnavågen. Det blir ein arena for kunst, kreativitet, læring og inspirasjon.

Joanna Pawliczukog Anita Reite Onen: Her ser vi dei to kunstnarane med deira nye bedrift i bakgrunnen. For Joanna blir dette hennar faste arbeidsplass. Onen jobbar som lærar i det daglege, men kjem nok til å bruke mykje tid her saman med Joanna når ho ikkje er på jobb. 

Gjennom kreativt arbeid tileignar ein seg eigenskapar som ein treng i alle deler av samfunnet.

Kultur

I spissen for nyetableringa finn vi Anita Reite Onen og Joanna Pawliczuk, begge kunstnarar. Reite Onen har det som hobby, medan Pawliczuk har det som levebrød og er utdanna i faget. Vi møter dei medan dei er i gang med oppussingsarbeidet av dei gamle, rustikke fabrikklokala dei okkuperer på bakkenivået under FOA. I september planlegg dei å opne det som blir ei allsidig lita lokalbedrift her. Stikkorda er galleri, atelier, læringsarena og kunstbutikk.