Sju forskjellige nasjonalitetar var representert på Kjeldsund under «Ferie for alle» denne veka:

– Det er så gøy å vere her, samtidig får eg nye vennar

Denne veka samla fleire småbarnsfamiliar seg på Kjeldsund, ein av stadane der Røde Kors Møre og Romsdal i år arrangerer «Ferie for alle». Vi tok ein tur innom for å snakke med både dei ferierande og frivillige.

Folk kjem att, år etter år. Førespurnaden er stor.

Birte Roth Olsen
Kultur

– Vanlegvis reiser vi over fylkesgrensene på desse turane, men i år, på grunn av koronaviruset, har vi vore nøydde til å halde oss til litt meir i ro og i mindre grupper. Då enda valet på mellom anna Kjeldsund. Vi er glade for å likevel kunne få arrangere fleire tilbod også i år.