Bø og Sande sanitetsforeining med fotogåve til sjukeheimane i Herøy:

– Dette set vi stor pris på

Sjølv om koronaen sette ei bremse for årets eldre-cruise har Bø og Sande sanitetsforeining likevel bestemt seg for å yte ein innsats for sjukeheimsbuande i Herøy.

Vil glede pasientane: Bø og Sande senitetsforeining håpar pasientane gledar seg over gåva. Samstundes håpar dei å igjen få arrangere «eldre-cruise» neste år. På bildet ser vi (f.v) Ann-Helen Nordbø, Marit Molnes Sæther, Karin Bø og Julianne Higraff. Her poserer dei i ein flott blomehage som velforeininga på sjukeheimen no har stelt i stand.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kultur

I år skjer det i form av det dei sjølv omtalar som ein liten «koronadugnad», der dei gir flotte gåver til dei to sjukeheimane i Herøy. Seks fotografi, alle med lokalt tilsnitt, er no blitt printa ut på lerret og skal pryde veggane i både Myrvåg og på Eggesbø, fire i ytre og to i indre.