Gursken skulekorps med magisk midtsommarhelg:

Krona sesongen med drive-in-suksess

Gursken skulekorps, med aspirantar og drilljenter, sørga denne helga for eit heidundrande underhaldningsopplegg i Sande. Laurdag var det konsert-innspeling på Breidablik og søndag inviterte dei til kommunen sin første drive-in konsert.

Ein spesiell vårsesong: Det har vore ein spesiell sesong også for Gursken skulekorps, med koronatiltak som gjer at ein har måttet tenkje annleis. Det har derimot gått bra for korpset. Dei ønskjer å rette ei stor takk til Vonheim for lån av øvingslokale då øvingane starta opp igjen.   Foto: Håkon Vestnes

Kultur

– Korpset stod for sommarens vakraste eventyr i Sande!

Slik konkluderer skulekorpset i sitt referat til Vestlandsnytt, etter at dei denne helga markerte slutten for årets korps-sesong med fleire musikalske «happenings».

Spelte inn digital-konsert saman med Sande Nettsyn

Sesongavslutninga starta laurdag, då hovudkorpset, aspirantane og drilljentene møtte opp på landsbyhuset Breidablik. Her blei det, i tillegg til konsum av grillpølser, hamburgerar og brus i nydeleg sommarsol, innspeling av ein digital konsert. Konsertinnspelinga var det Sande Nettsyn, med Håkon Vestnes i spissen, som stod for. Konserten vil i næraste framtid bli delt med omverda.

– Ein kan trygt seie at etter ein vanskeleg koronaperiode, kom korpset tilbake med full tyngde. Sola skein om kapp med dei frammøtte,opplyser korpset.

Innspelinga fungerte elles som ei fin generalprøve, ei øving på repertoaret som søndag blei eit verdig og kreativt punktum for året.

Drive-in-konsert

Då samla kring 65 bilar seg på parkeringsplassen til Myklebust Verft, der korpset stelte i stand ein smittevern-vennleg drive-in-konsert. Vakter, med antibac for handa, delte ut korpset sitt programheftet «Norske hits» og viste dei frammøtte kvar dei skulle parkere. Partyteltet måtte opp, slik at ikkje korps og instrument skulle bløytast. Litt kjipt var det at vêrgudane fann ut at søndag var dagen for vasking, men utover det fungerte opplegget veldig bra. Etter ein time med program måtte faktisk korpset til med ekstranummer, då dei frammøte bilane ivrig tuta etter meir.

Kring 65 bilar: Her ser vi alle bilane som samla seg ved Myklebust Verft for den litt orginale konserten.  Foto: Katrine Hauge/ Dagbjørn Myklebust

Takka dirigentar og instruktørar

Etter to akter med norske melodiar ifrå korpset, innslag frå aspirantane og fleire drillnummer frå drilljentene, nytta programleiar Elias Kleppe høvet til å takke. På vegner av foreldra og korpset delte han ut blomar til korpsleiar Katrine Hauge, kulturskulelærar Jette Holstad, kulturskulerektor Susann Worren Hauge og den nye drillinstruktøren Solveig Marie Ulstein.

– Det å tenkje nytt var stor suksess for Gursken skulekorps. Vi ser samhald og samhandling mellom store og små på tvers av bygdelag. Korpset femner om både leik og læring, motivasjon og meistring. Takk for opplevinga, avsluttar korpset.

– Artig prosjekt

Ein annan som takkar for opplevinga er dagleg leiar for Myklebust Verft, Inge-Jonny Hide.

– Dette var eit artig prosjekt frå Gursken skulekorps, og vi støttar meir enn gjerne deira aktivitet, seier Hide til Vestlandsnytt.

I tillegg til lån av parkeringsplass stilte Myklebust Verft med lyd og lydmann, Tor Helge Lillebø, samt at dei sponsa alle frammøtte med is. Myklebust Verft er ein trufast sponsor til Gursken skulekorps, saman med Sparebanken Møre.

Under tak: Det klaffa ikkje heilt med vêret, men det viktigaste er at ein traff på tonen. Dette vart bra, konkluderer korpset.   Foto: Katrine Hauge/ Dagbjørn Myklebust