Herøy kulturskule med:

Dansestunt på parkeringsplassen (sjå video)

Tysdag ettermiddag møttest danseelevane utanfor kulturskulen for å danse i lag - og vere med på ein skikkeleg feelgood musikkvideo!
Kultur

Dansen har elevane i stor grad lær seg gjennom videoar som kulturskulen sende dei under korona-stenginga. At dei skulle kome til å danse på ein felles musikkvideo var elles ukjent for dei fleste. Meldinga om dansestuntet vart nemleg sendt ut til dei føresette berre nokre dagar før hendinga.

Det var i grunnen ein god idé og eit enkelt, men kjekt alternativ til danseførestillingane bruker å ha om våren, men som i år gjekk ut på grunn av koronaviruset.