Han er ny redaktør i Bygderadio Vest

Knut Arne Høyvik tek over som ansvarleg redaktør i Bygderadio Vest. Han vart vald, utan motkandidat, på generalforsamlinga som vart avvikla 9. juni

Knut Arne Høyvik: Den tidlegare fiskeskipperen og lokalpolitikaren kjenner distriktet vårt godt.   Foto: Privat

Kultur

Knut Arne Høyvik har tidlegare vore fiskar og skipper og samt jobba i fiskarlaget. Pensjonisten, som i dag bur på Haddal, er elles kjend for sine humoristiske kåseri og velskrivne aviskommentarar. Annakvar fredag kan ein til dømes lese Høyvik sine populære bidrag i Vestlandsnytt.

Det er Paul Sundnes som fram til no har vore redaktør i radioen. Han tok til i vervet hausten 2011, etter Arne Grimstad.