Drive-in-konserten er avlyst

Det lokale bandet Sytalaust hadde planlagd drive-in-konsert på Mjølstaneset laurdag. No er han diverre avlyst.

Sytalaust  Foto: Privat

Kultur

Årsaka er naturleg nok dei dårlege vêrutsiktene.

I førehandssaka Vestlandsnytt publiserte på nett tidlegare denne veka – og i papiravisa fredag – understreka trommis Terje Kvalsvik at konsertplanen var med atterhald.

– Om det høljar ned og er mykje vind, må vi nok vurdere å avlyse. Vindaugsviskarar og konsert er ikkje nødvendigvis ein kjempe-kombinasjon, sa han.

Dessverre er det nettopp slik vêret kan kome til å bli, så då må bandet og alle som hadde tenkt seg på konsert berre bite i det sure eplet. Er vi heldige, så vert det kanskje planlagt ein ny konsert ved eit seinare høve?


Arrangerer drive in-konsert på Mjølstaneset på laurdag:

– I beste Sytalaust-ånd

Gjengen i det lokale bandet Sytalaust er i det kreative hjørnet om dagen og inviterer i den anledning til stor, gratis drive in-konsert på Mjølstadneset laurdag, vel og merke med eit lite vêr-atterhald.