Oskar – einaste frå Ytre Søre med TEFT-stipend

Oskar Fjørtoft Sandanger er tildelt Sparebanken Møre sitt TEFT-stipend på 50.000 kr

Vinnar: Komikar Oskar Fjørtoft Sandanger, som mellom anna er kjend frå rolla som Kong Arthur i Kong Arthurspelet, er tildelt Sparebanken møre sitt TEFT-stipend for 2020. Pressefoto 

Kultur

15 unge talent i Møre og Romsdal vart tildelt stipendet. Mellom nærare 150 søkjarar vart dei plukka ut som TEFT-vinnarar. Komikar Oskar frå Larsnes vart i å einaste vinnar frå Ytre Søre Sunnmøre.

TEFT-stipend er Sparebanken Møre sitt årlege stipend til unge talent innan kategoriane idrett, kultur og open klasse. Søkarane er unge menneske frå heile Møre og Romsdal, som har utmerka seg på nivå med dei beste i landet, og som ifølgje Sparebanken Møre står fram som gode førebilete i sitt nærmiljø.

I år var det rekordmange søkarar og heile 800.000 kroner vart fordelt på 16 lovande ungdommar. Stipendet blei delt ut for første gong i 2007, og sidan den gong har nærare 370 talent frå fylket mottatt TEFT-stipend, opplyser banken.

– Det er høgt nivå blant mottakarane, og erfaring viser at bidraga har vore viktig for vidare motivasjon og utviklinga deira, seier Kjell Ove Vasstrand, banksjef i Sparebanken Møre på Larsnes.

25-åringen frå Larsnes har vore i teatermiljøet sidan han var liten gut, og har dei siste fire åra bidrege aktivt til sommarshow heime på Larsnes.

– Ambisjonen er å kunne leve av humor, og i ein konkurranseprega bransje vil stipendet hjelpe meg til å kunne fortsette å utvikle meg og kanskje starte opp ein ny humor-produksjon, seier Oskar.

På grunn av koronasituasjonen vert det ikkje tildeling med raud løpar og festivitas i år.

– Vi er utruleg stolte over mangfaldet desse ungdommane står for, og ønsker dei alt godt vidare, seier banksjef Kjell Ove Vasstrand.