Inviterer til drive in-kino i Herøy

Ein bukett med lokale eldsjeler har gått saman og inviterer fredag, laurdag og søndag til bil-kino på parkeringsplassen ved kulturhuset og Sunnmørsbadet.

– Ta med snaks og kom på utekino: Det er oppmodinga til denne gjengen. Frå venstre ser vi Torgeir Myklebust Stenersen, Mona Grethe Ryssevik, Maria Isabell Espeseth Sævik, Carl-Henrik Myrseth Moltumyr, Maria Bakkevoll, Arjan Sakarias Sydhagen Dalsøren, Bjørn Holum og Per Ronald Knutsen.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kultur

– Fredag skal vi vise «Fjols til fjells», og denne framsyninga vert attpåtil gratis. Det er ei sjenerøs gåve frå Sparebanken Møre til ungdommen.