Herøyværingen Martin Falkanger utfordrar kjendisane i podkast:

– Det er problemstillingar folk mest sannsynleg aldri må ta stilling til

– Når eg kom tilbake til Bergen etter jul hadde Henrik utstyret klart. Nokre veker seinare sat vi i ein bombekjellar og spela inn podkast med Sigrid Bonde Tusvik.

MAN­GE AR­TI­GE GJES­TAR: Martin Falk­an­ger (t.v.) og mak­ke­ren Hen­rik Örn Fos­se­dal har laga pod­kast med flei­re kjen­de og no­kre mind­re kjen­de gjes­tar den­ne vin­te­ren og vå­ren, mel­lom dei ko­mi­kar Sig­rid Bon­de Tus­vik. – Det har vore vel­dig man­ge for­skjel­li­ge gjes­tar. Man­ge ar­ti­ge skruar, sei­er Falk­an­ger til Vest­lands­nytt.   Foto: Enten/Eller

Kultur

Martin Falkanger (26) trudde han hadde sagt ja til ein spøk frå kompisen Henrik Örn Fossedal då han like før jul fekk spørsmål om dei to skulle starte podkast. Men då Falkanger returnerte til studiebyen Bergen etter julefeiringa heime på Frøystad, gjekk det tidleg opp for han at kompisen hadde hatt baktankar med det spontane forslaget.