Årets mest sette Tore på Sporet

Etterpå dukka det opp ein ekstra bror

Nær 800.000 såg Ronny Tandberg i årets siste episode av «Tore på sporet». Éin av dei var hans ukjende norske bror.

Fann to­nen: Ron­ny sei­er han fram­leis har jam­leg kon­takt med pro­gram­lei­ar Tore Strøm­øy i «Tore på spo­ret». – Vi fann ein god tone. Tore er ein vel­dig hyg­ge­leg kar.  Foto: NRK/Kjetil Nesgård

Kultur

– 69 % av dei som såg TV i går kveld, såg deg.

Det skreiv programleiar Tore Strømøy i ei melding til Ronny Gurskevik Tandberg (52) dagen etter at sendinga om den utflytta gurskingen gjekk på lufta.

Då hadde også heile 50.000 sett episoden på nett.

Episoden om Ronny, som ikkje visste kven faren hans var, er den mest sette «Tore på sporet» i 2020.



Endå ein bror

Éin av dei som fekk med seg episoden var Rolf Tangen (54), opphavleg frå Namsos. På kvelden Palmesøndag fekk han ein telefon frå søskenbarnet Tove Romstad. Ho hadde sett faren hans på TV. Han trudde først ikkje på det, men sette på programmet.

– Etter kvart som eg følgde historia, fekk eg ei kjensle av at det som vart sagt ikkje var heilt rett. Eg følte at det ikkje kunne vere Ronny dei snakka om, men meg. Alt stemde. Namnet og bildet av han. Det var pappa, seier Rolf til NRK.

Han ringde Ronny same kveld etter først å ha vore i kontakt med Tore Strømøy. Til NRK seier han: – Ronny vart sjølvsagt overraska, men tok det heile veldig roleg. Etter å ha fått tre systrer og ein bror før, så har han god trening i å møte nye søsken.