Kreativ påskeunderhaldning i Herøy og Sande:

Digitale kvissar frå Larsnes og video-lesestund med Herøy folkebibliotek

Sjølv om det er heller skralt med kulturelle arrangement denne påska betyr det ikkje nødvendigvis at det ikkje skjer saker å ting i Herøy og Sande.

Oskar Fjørtoft Sandanger: Lokalkomikaren har rigga seg opp heime på Larsnes og inviterar onsdag kveld til kviss. Under kvissen blir det spørsmål om både aktuelt og uaktuelt, lovar sandssokningen. Han skal elles både nynne og teikne, der det blir opp til publikum å lytte og gjette.   Foto: Privat

Kultur

Vestlandsnytt blitt gjort merksam på eit knippe arrangement i lokal regi som går føre seg i påskeveka.

Digital lesestund med Hilde Myklebust

Det fyrste er det Herøy folkebibliotek som står for. Saman med forfattar Hilde Myklebust frå Vanylven arrangerer dei ei digital lesestund onsdag. Myklebust har laga ein video der ho les frå den nye bildeboka si "Ylva og villgeitene". Videoen blir lagt ut 8. april på Facebook-sida Herøy folkebibliotek, og vil vere tilgjengeleg heile påska.

– Boka handlar om Ylva, som saman med pappa er på veg til sommarhuset. Men i dei bratte fjellsidene held også villbukken Svartskjegg og flokken hans til. Det gjer også ørna, skriv biblioteket, som omtalar boka som ei poetisk bok om ei modig jente.

Boka er elles illustrert av Akin Düzakin.

Stove-kviss med Oskar Fjørtoft Sandanger

Noko som skjer seinare på onsdagskvelden 8. april er kviss på Larsnes. Vi snakkar også her om den digitale sorten. Denne hendinga er det lokalkomikar Oskar Fjørtoft Sandanger som står for. Heime hjå familien har han rigga seg opp for det han lovar vert ei humoristisk kviss-stund.

– Det hadde vore veldig kjekt om sandssokningar og herøyværingar slengde seg med, seier sandssokningen, som sendar live på si Facebook-side «Nesten Lættis».

På sendinga vil ein sjå quizmaster-Sandanger live, der han stiller spørsmål. Ein deltek ganske enkelt med penn og papir heimanfrå. På spørsmålsfronten vert det både aktuelt og uaktuelt. Nynning og teikne-gjette-leik vert det også.

– Korleis skal du passe på at folk ikkje juksar då?

– Godt spørsmål. Dei gongane eg har gjort dette baserer eg meg på at folk er ærlege. Men dette er heilt klart ein kviss der det er lett og jukse, flirer Sandanger, som håper folk ikkje fell for den freistinga.

Meir kviss på Larsnes

Fjørtoft Sandanger er elles ikkje åleine om spørjetevling på Larsnes. Nei, det skal nemleg Larsnes Idrottslag, i samarbeid med Landsbyhuset Breidablik, Gamlebanken Scene og Sparebanken Møre, også ha. Deira kviss skjer på kvelden langfredag. Dette er elles eit arrangement som etter kvart har blitt ein tradisjon som har engasjer mange dei siste åra, i år blir det derimot litt annleis. Som med Oskar sin kviss er også denne nemleg interaktiv på nett. Margunn Rekdal og Trond Torset skal leie denne spørjekonkurransen.