Sandssokning Tor Sivertstøl og resten av Tindefilm er aktuelle med ny NRK-serie:

– Spesiell og interessant

Tindefilm med Larsnes-filmfotografen Tor Sivertstøl bak kamera har i april NRK-premiere med sin nyaste dokumentarserie.

Opptak: Her ser vi glimt ifrå innspelinga Tindefilm gjorde ved Romsdalsmuseet i november 2018. Frå venstre ser vi Tor Sivertstøl, Svein Rune Nyland og Johanne Nerland Myhr.   Foto: Tindefilm/Hilde Nerland

Kultur

I 1943, medan krigen herja landet og kåra var tronge, starta 32 klasseveninner ved Statens Lærerindeskole i husstell på Stabæk det som etter kvar har blitt eit historisk prosjekt i norsk samanheng. I 65 år, frå krig- og etterkrigstid til det moderne 2008, skreiv damene i fellesskap ei dagbok. Boka og forfattaroppgåva gjekk frå dame til dame på rundgang, og har i ettertid gitt eit unikt innblikk i kvardagen til kvar einskilde skribent og blitt eit viktig, kvinnehistorisk dokument.