Slik taklar Sande kulturskule koronasituasjonen:

Kulturskulelærar Jette har blitt «youtubar»

I løpet av den siste veka har messinginstrument-lærar i Sande, Jette Hougaard Holstad, blitt reine skjære «youtubaren» med over 50 videoar på sin kanal. Det er eit eksempel på korleis Sande kulturskule taklar koronasituasjonen.

– Ei bra utfordring: Sjølv om det er ei tøff utfordring å skulle lære både kulturskuleelevar over video ser Jette Hougaard Holstad dette som ei fin moglegheit til å utfordre seg sjølv på nye digitale verktøy som dei kan ta med seg inn i framtida.  Foto: Privat

Kultur

Sande kulturskule vart saman med resten av landet sine skular den 12. mars fysisk stengt for undervising i 14 dagar som eit førebyggjande tiltak for å hindre smitte av koronaviruset.