Fosnavågrevyen fordelar overskotet på tre heldige mottakarar:

– De skulle høyrt applausen

Fosnavågrevyen har no avgjort kven som skal dele overskotet frå årets revy.

Luftig handtrykk: I desse tider skal ein halde avstand, så det blei eit luftig handtrykk i staden som takk for gåva frå Fosnavågrevyen. F.v.: Audhild Kvalsvik, Carl-Henrik Myrseth Moltumyr, Mona Grethe Ryssevik, Kamilla Sætre Leikanger, Mathilde Bendal Nordland, Josefine Petersen, Vårin Brevik, Lindis Myrvoll, Signe Skarstein, Maria Isabell Espeseth Sævik og Sigve Storøy Hermansen.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kultur

I år er tildelinga tredelt, og summen som vert delt ut er på 50.000 kroner samanlagt. Kven som får den største biten av kaka, har vi vist ei stund. Allereie under showet gjorde nemleg Fosnavågrevyen det klart at delar av overskottet skulle gå til juleballet som ungdomsrådet i Herøy, Frivilligsentralen og Fritidsklubben arrangerer for personar med psykisk utviklingshemming. Dette har vore ein stor suksess og eit tilbod brukarane har vist seg å sette stor pris på. Derfor får dei heile 25.000 kroner av overskotspotten.