Herøy kulturskule køyrer heimeundervisning:

Oppmuntrar til øving

På same måte som alle andre skular, er Herøy kulturskule i ein situasjon der elevane no får fjernundervisning. Dette blir gjort på fleire måtar, og den enkelte lærar kommuniserer direkte med sine elevar og føresette.

Herøy kulturhus:   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kultur

- Det kan sjå ut som at vi greier å oppretthalde eit tilbod til alle elevane, og vi håpar alle oppmuntrar borna sine heime til øving og trening. Vi veit sjølvsagt ikkje kor lenge dette varer. Inntil vidare gjeld dette for denne og neste veke. Vi reknar med alle har forståing for at dette er ein veldig spesiell situasjon, og at vi kjem sterkt tilbake, forklarar kulturskulen i ei pressemelding.

Elles oppmodar kulturskulen om at ein er kreative i heimen.

- Syng ein song for familia di, ta nokre dansemoves på stovegolvet, sett deg ved pianoet og spel for dei næraste, ta fram gitaren og hald ein minikonsert for vennane dine. Bruk fantasien og evnene dine til å gjere dagen kjekkare både for deg sjølv og dei rundt deg, skriv dei.