Thomas ute av Idol: – Har vore ei oppleving for livet

Idol-eventyret nådde slutten for herøyværingen Thomas Frekøy Skeide under fredagens sending. Men Frekøy Skeide forsikrar om at det musikalske eventyret berre så vidt har byrja.

GRUPPEFRAMFØRING: Under fredagens runde av Idol var deltakarane sett saman i grupper. Thomas si gruppe framførte "Ain't No Mountain Hight Enough". Thomas heilt til venstre.   Foto: TV2

Kultur

Det var harde kår for deltakarane i TV2-konkurransen Idol fredag kveld. Av dei 55 deltakarane som framleis var med i konkurransen då sendinga byrja, var det berre 20 av dei som fekk billett vidare i konkurransen. Og i motsetning til tidlegare i konkurransen der deltakarane har sunge kvar for seg, var dei denne gongen delt inn i grupper på fem og fem.