– Ein pasient treng omsorg, ikkje ei korridorseng!

Egil Romslo Schistad var samtalegjest i Herøy kyrkje søndag kveld.

Samtalegjest: Egil Romslo Schistad hadde kritiske tankar både om pasientbehandling på sjukehusa og om språket kyrkja brukar om Gud, i samtale med Jens Terje Johnsen i Herøy kyrkje søndag kveld.  Foto: Roar Skoglund

Kultur

Han er anestesilege på Ålesund Sjukehus og fekk nyleg Sunnmørsposten sin Hederspris fordi han tok bladet frå munnen og sa si hjartans meining om korleis økonomiske innsparingar i sjukehussektoren krenker pasientane.