Fargerikt femårsjubileum for Fosnavågrevyen:

Syngande fotball-ordførar, vegankost og sytarlag

Fosnavågrevyen feira denne helga fem år. Det gjorde dei, i år som i fjor, med humoristiske sketsjar, skråblikk på fjoråret og… Ytre Søre Sunnmøre synkronssymjarklubb?
Kultur

Det var vel knapt ein ledig stol då Fosnavågrevyen, for femte år på rad, inviterte til show og ablegøyer fredag og laurdag på Fosnavåg konserthus. Arrangørgjengen sjølv fortel at det var rift om billettane då dei vart lagt ut. Det tok faktisk ikkje meir enn 20 minutt før fredagsframsyninga var utselt, så ei framsyning nummer to på laurdag var uunngåeleg.