Pilskog-brørne viser sin siste film på heimebane:

– Håper folk vil sjå han

Etter å ha reist frå den eine internasjonale filmfestivalen til den andre og blitt hylla av kritikarar verda over, kjem no Sturla og Are Pilskog endeleg heim for å vise Blåst Film sitt siste filmprosjekt, «Vinterens lengsel».

Gler seg alle tre: Både kinosjef Bjørn Holum, produsent Are Pilskog og Per Robert Håskjold gler seg til å sjå «Vinterens lengsel» på Fosnavåg kino komande torsdag. Både Are og broren Sturla vil vere til stades under lokal-premieren for å diskutere filmen.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kultur

Det skjer neste torsdag, 13. februar i Fosnavåg. Då inviterer Fosnavåg kino til visning av filmen, der både regissør Sturla Pilskog, og produsent Are Pilskog deltek. Her håpar dei også å kunne samtale med publikum, og gjere lokalvisninga til litt meir enn berre ei kinoframsyning.