Fosnavåg-songen er ikkje frå Fosnavåg

Ein diskusjon i ei lokal Facebook-gruppe kring Fosnavåg-songen med tekst, skulle vise seg å avsløre eit til no skjult opphav. Lokalhymna, spelt og framført i tallause samanhengar, ser nemleg ikkje ut til å ha sitt originale opphav i Herøy.

Styre og tillitsmenn: I boka «Idrett i havgapet» finn vi dette bilete som syner styret i Bergsøy IL i 1944. Her ser vi at Andreas Sævik og Andreas Lied kjende kvarandre. Truleg har dei også våre saman om å skrive om songen frå Vardø.   Foto: N.H. Lied

Kultur

Strofa «For det er Fosnavåg som ligger i en krans av hav» har nok for mange i Herøy vore synonymt med ordet lokalhymne. Naturleg nok var det akkurat derfor også songteksta for ei tid tilbake sidan vart etterspurd i ei lokal diskusjonsgruppe på Facebook, i høve at Bergsøy IL skal feire sitt 75-årsjubileum. Etterspurnaden vart raskt innfridd, men teksta vakte også nærare diskusjon kring songen sitt opphav.