Arrangerte nyttårsball for psykisk utviklingshemma:

– Aller kjekkaste vi er med på

Nokre kom heilt ifrå Måløy. Andre forventningsfulle møtte opp lenge før dørene opna. I helga var det nyttårsball for psykisk utviklingshemma på Herøy kulturhus.

Ganske unikt: Juleball for psykisk utviklingshemma har vore arrangert dei siste 5–6 åra og er eit relativt unikt tilbod i regionen. Det er ungdomsrådet i Herøy som står som hovudarrangør, med godt hjelp frå Fritidsklubben. I år deltok i alt 150 gjestar, og dei kom frå både fjern og nær.  Foto: Carl-Henrik Myrseth Moltumyr

Kultur

Torsdag førre veke jobba Herøy ungdomsråd og Fritidsklubben på dugnad til seint på kveld for å gjere alt i stand til storfest på Herøy kulturhus. Fredag var det nemleg duka for juleball for psykisk utviklingshemma, eller, lat oss i år kalle det nyttårsball. Arrangementet skulle eigentleg gå av stabelen i November, men då hadde det seg slik at bandet Merkesteinane, band for psykisk utviklingshemma, skulle feire 25-års jubileum. Slike hendingar kunne då ikkje kollidere med kvarandre. Derfor vart det tradisjonsrike juleballet flytta til nyåret.