Det er søndag, klokka har nettopp passert 12, og lokalavisa er på veg til gamle Bø skule. Vi har fått tips om at eit kor samansett av medlemmar frå ulike stadar på Sunnmøre har samla seg her i helga. Visst nok førebur dei seg til å bringe musikken til Elton John ut til det sunnmørske publikum. Vi finn ein ledig plass mellom dei mange bilane utanfor det som no er grendehuset for Bø og Sande. Vi stig ut av bilen, og høyrer straks dei musikalske tonane, vakkert og kraftfullt. På veg inn i lokalet blir vi møtt av ei entusiastisk Camilla Kvalsvik Aksnes. Ho forklarar oss kva som går føre seg denne helga.
Over hundre korsongarar samla seg på Bø og Sande Grendahus i helga:
Førebur seg til Elton John-konsertar
ABBA-konsertane i 2018 vart ein storsuksess. No er eit nytt prosjektkor med medlemmar frå heile Sunnmøre godt i gang med førebuingane til Elton John-konsertar i slutten av april.
PROSJEKTKORET: Heile 110 korsongarar er med i prosjektkoret som i slutten av april skal halde fem konsertar, deriblant i Fosnavåg konserthus 25. april. Mellom medlemmane finn vi både herøyværingar og sandssokningar. Foto: Stian Langlo Driveklepp
Kultur