– Folk må møtast for at ting skal skje! I førre veke hadde vi eit veldig kjekt møte som var prega av ekte dialog og der eg kjente at eg vart oppglødd. Eg ønskjer å vere på lag med optimistane!
Merethe Hjertø Flusund under kveldsmessa i Herøy kyrkje:
– Folk må møtast for at ting skal skje
Merethe Hjertø Flusund var samtalegjest i Herøy kyrkje søndag kveld. Ho har nyleg teke til som næringslivssjef i det nye herøyselskapet Havlandet som skal bidra til vekst og utvikling i Herøy i eit samarbeid mellom næringsliv og kommuneleiing.
Samtalegjest: Merethe Hjertø Flusund fortalde både om jobben som næringslivssjef og om oppturar og nedturar i livet sitt i samtale med Bjørnar Torvholm Sævik i Herøy kyrkje søndag kveld. Foto: Roar Skoglund
Kultur