Pilskog-brørne og Blåst Film med dansk prestisjenominasjon

Are og Sturla Pilskog sin nyaste dokumentarfilm Vinterens Lengsel er nominert til Danmarks mest prestisjefylte filmpris

Regissørane: Sambuarane Sturla Pilskog og Sidse Torsholm Larsen har regisert filmen som har tatt heile åtte år å ferdigstille. Dei er begge utdanna antropologar og synest det var fantastisk å jobbe så tett på eit samfunn over så lang tid. Foto Blåst Film  Foto: Blåst Film

Kultur

Blåst Film sin siste dokumentarfilm "Vinterens lengsel", eller " Håbets Ø" på dansk, har fått mykje internasjonal merksemd det siste året, og har spesielt vorte rosa for sin intimitet og autentisitet.


Til storfestival med sin siste dokumentarfilm

Blåst Film sin nyaste dokumentarfilm, «Vinterens lengsel», er tatt ut til Nordens største filmfestival for dokumentar- og kortfilm.


Nominert til Bodil-pris

No kan Leikong-selskapet smykke seg med nok ein gjæv nominasjon. No er dei nemneleg nominert til ein såkalla Bodil-pris i kategorien årets beste dokumentarfilm. Det er danske filmkritikarar som står bak Bodilprisen som er Danmark sin eldste og viktigaste filmpris.


Dokumentaren tok Blåst Film åtte år å lage, no er han nominert til beste nordiske film:

– Har vore fantastisk og frustrerande

Det Leikong-baserte filmselskapet Blåst Film sin nyaste film «Vinterens lengsler» har verdspremiere på ein av verdas størte dokumentarfilmfestivalar, CPH: DOX i Danmark, torsdag kveld.


Om filmen

Vinterens lengsel er regissert av Sturla Pilskog og Sidse Torstholm Larsen og produsert av brørne Are og Sturla Pilskog i Blåst Film. Produksjonsselskapet held til på Leikong. Filmen er co-produsert av danske Bullitt Film og grønlandske Ánorâk film. Filmen hadde premiere under Cph: Dox i mars 2019, ein av verdas største dokumentarfilmfestivalar.

Filmen er eit portrett av den vesle byen Maniitsoq på Grønland sin vestkyst. Regissørane har følgt byen i nesten åtte år, frå Maniitsoq var lovd ein gigantisk aluminiumsfabrikk, Grønlands største prosjekt nokosinne, til at innbyggjarane tolmodig har måtta venta på byggjestart. Det skjer aldri og kva skal ein så finne på? Filmen følgjer tre grønlendarar i byen og handlar om avhengigheit og sjølvstende, både på eit personleg og nasjonalt nivå.