UKM påmeldinga er godt i gang – allereie neste veke for Herøy

Påmeldinga til Ung Kultur Møtest (UKM) er godt i gang i Herøy og Sande.

I FJOR: Her ser vi eit glimt frå fjorårets UKM i Herøy.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kultur

I Herøy endar faktisk påmeldinga til årets mønstring no på fredag, då det allereie neste laurdag (18. januar) brakar laust på Fosnavåg konserthus. I Sande har ungdommen derimot litt lengre tid på seg. Her vert mønstringa arrangert 1. februar, og påmeldinga endar 15. eller 19. januar, alt etter kva ein deltek med.