Kommunestyrerepresentantane tydeleg imponert:

Ordføraren tok til tårene

Dei kulturelle innslaga gjorde som vanleg sterke inntrykk under årets siste kommunestyremøte.

CE­LI­NA FRØY­STAD: Med vak­ker song gjor­de ho eit sterkt inn­trykk på dei fol­ke­val­de. – Ho Sol­veig grein, og eg grein, sa ord­fø­rar Bjørn Prytz om opp­le­vin­ga.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Kultur

Tradisjonen tru vitja Herøy kulturskule desembermøtet i Herøy kommunestyre. Rett nok i eit litt redusert omfang denne gongen, då det ikkje akkurat var ei kort sakliste kommunestyret skulle gjennom denne torsdagen i desember. 56 saker stod på sakslista, og dei fleste av dei vart også behandla i løpet av det 11,5 timar lange møtet. Klokka vart nærare 23:30 før ordføraren klubba for siste gong i år.