Sjå bildeglimt, og finn ut kor mange som vitja Sandemessa

Arrangørane reknar i år med at kring 1100–1200 gjestar var innom Sandemessa.

Vi har all grunn til å vere nøgd med årets messe.

Harald Sætre
Kultur

Ein av leiarane for det tradisjonstunge arrangementet, Harald Sætre, ser dette som ein positiv opptur for messa ettersom deltakinga har vore noko lågare dei tidlegare åra. Han kan elles rapportere om at tilbakemeldingane har vore gode frå alle som kom for å stå på stand. I år var der 41 standar på messa. Sætre ynskjer såleis å takke alle dei frivillige som har lagt ned ein enorm dugnadsinnsats for å få stabla arrangementet på beina.