Og vinnaren av årets kulturpris i Sande er ... Larsnes Helselag:

- Mange har gått før oss, og gjort ein stor og viktig innsats

Årets vinnar av kulturprisen i Sande er Larsnes Helselag. Det blei kunngjort under Sandemessa 2019, til stor forbausing for medlemmane i den tradisjonsberande organisasjonen.

Kulturprisvinnarane: Larsnes helselag er vinnarane av årets kulturpris i Sande. Her ser vi dei av medlemmane som var til stades under utdelinga av prisen på Sandemessa 2019. F.v. Ordførar Olav Myklebust, Reidun Voldnes, Mary Johansen, Anne Marta Torset, Astrid Bente Sandvik (leiar), Inghild Aspevik Strandsbø, Solrun Slettestøl, Lina Strand og Solveig Rovde. 

Kultur

– Dette var utruleg overraskande. Vi vart nesten litt imponerte sjølve når ordføraren lista opp alt laget har gjort.