LITT OM FOSNAVÅG I DEI GODE SILDEÅRA

Noko av det eg hugsar best frå barndomsåra mine, er dei hektiske vekene medan det store og viktige vintersildfisket stod på.

GODE TIDER: Handelsstanden i Fosnavåg hadde gode tider i dei hektiske vekene medan vintersildfisket stod på. I Fosnavåg sentrum var det forretningar i nesten kvart einaste hus. Lengst til venstre er butikken til Erling Sande, der Ingvald Stenersen arbeidde. Vidare oppover bakken er butikkane til Inga Waage og D.M. Wikene.   Foto: ULRIK PETTERSEN

På dei beste dagane kunne det kome 300–400 båtar inn til Fosnavåg med fangst. Om bord i båtane var til saman fleire tusen fiskarar.

Kultur

I 1950-åra var dette fisket eit av dei største sesongfiskeria i verda. For fosnavågarane var vintersildfisket eit eventyr. Ved sildoljefabrikken i Ura gjekk drifta for fullt både dag og natt. Fabrikken spydde ut kvit og illeluktande industrirøyk etter kvart som den verdifulle silda vart omgjord til mjøl og olje. Pengelukt vart røyken gjerne kalla.