Gursken kyrkje 100 år:

Klart for jubileumshelg

No er det klart for sjølvaste jubileumshelga for Gursken kyrkje. Biskop Ingeborg Midttømme er mellom gjestane.

Gursken kyrkje 

I dag framstår Gursken kyrkje i ny drakt

Sigmund Bjerkvik
Kultur

– Det er faktisk første gongen ho vitjar Gursken kyrkje. Ho har tidlegare vore både i Sande kyrkje og Larsnes kyrkje. Det er sjølvsagt veldig kjekt at ho kjem i høve 100-årsfeiringa.

Det seier mangeårig sokneprest i Gursken og Sande sokn, Sigmund Bjerkvik.

Sigmund Bjerkvik  Foto: Endre Vorren

Gjennom heile 2019 har det vore ulike samlingar og markeringa av 100-årsjubilanten. Heile vegen har det også vore planlagt at sjølve jubiléet skal markerast i ei eiga gudsteneste på helgemessesøndag.

– Utanom jubileumsgudstenesta blir det minnegudsteneste i Gursken på laurdag og i Sande søndag ettermiddag, så vi går mot ei ekstra aktiv kyrkjehelg, seier soknepresten.

Når det gjeld feiringa av Gursken kyrkje, som har vore planlagt i fleire år, seier Bjerkvik seg imponert over kor godt alle gode krefter har lukkast:

– Det har vore ein stor innsats frå frivillige, med Kyrkjeforeininga i spissen. Mykje av arbeidet både inne og ute har vore gjennomført på dugnad. I tillegg er vi veldig glade for at kommunen har stilt opp på ein effektiv måte og hjelpt til med det arbeidet som har vore utført. Folk og bedrifter har også vore rause og gitt pengar. I dag framstår Gursken kyrkje på mange vis i ei heilt ny drakt.

Til jubileumsgudstenesta kjem også dei tidlegare Sande-prestane Helge Nesse og Sjur Sæter, som i dag begge er pensjonistar. Begge tenestegjorde mange år i Sande. Også prost Ingeborg Matre vil ta del i gudstenesta, der det skal vere ei samling med «kyrkjekaffi med helsingar».

– Og så er vi glade for at våre gode musikkrefter her i kommunen stiller opp nok ein gong. På jubileumsgudstenesta blir det innslag frå kantor Ines Vatne, Sande kantori, Ytre Gurskøen Ten Sing og eit eige kyrkjeorkester. Dette blir kjekt., Eg håpar det kjem mykje folk til jubileumsgudstenesta, velkomne frå nær og fjern, seier Bjerkvik.

Arrangørane har elles ordna med båtskyss til Larsnes frå ytre Sande, og skyss derifrå til Gursken.