Krim, foto og nissedrama

Det blir fire, fine forfattarmøte på haustens Bok&Beat i tillegg til musikalsk krydder ved Torunn Sævik.

Bok & Beat Programleiar Torill Myren  Foto: Josefine Spiro

Kultur

Vestvang Bokhandel, Herøy folkebibliotek og Ekkoloddet arrangerer no Bok&Beat for tredje gong.

Karete Kleven Johannessen i Vestvang Bokhandel fortel at dette er eit arrangement dei har fått gode tilbakemeldingar på.

- Folk er så positive og seier at dette er noko dei har ønskt seg. Vi har også opplevd at det er aukande interesse, og vi håper at vi har sett saman eit program som gjer at folk vil kome og vere i lag med oss denne kvelden.

Vestvang Bokhandel har Herøy folkebibliotek med på laget, og Karete Kleven Johannessen og bibliotekleiar Karen Einan seier dei ønskjer å løfte fram bok og lesegleda på Bok&Beat-kveldane.

- Dette skal vere ein plass der ein får møte forfattarar ein elles gjerne berre ser på tv-skjermen, samtidig som vi ønskjer å vise fram noko av breidda og mangfaldet i det som finst mellom to permar.

Krim, bildeforståing og juleforteljing

Det meiner arrangørane at dei har fått til også denne gongen. Publikum skal få møte Trude Teige, som har gitt ut ei ny bok om Kajsa Coren, og bakteppet denne gongen er metoo og hemn.

Trude Teige og Gard Sveen har skrive heilt ulike krimbøker, men begge handlar om hevn. Begge desse forfattarane møter du på Fosnavåg konserthus fredag.  Foto: Presse

Det er også hemn det handlar om i den siste boka til Gard Sveen, spionthrilleren «Drømmenes gud». Og Sveen blir med på Bok&Beat for å fortelje oss om eit drama som mellom anna tek oss med tilbake til eit Beirut rive i filler av borgarkrig i 1982.

Trude Teige og Gard Sveen har skrive heilt ulike krimbøker, men begge handlar om hevn. Begge desse forfattarane møter du på Fosnavåg konserthus fredag.  Foto: Presse


I tillegg til desse nasjonale og kjende krimforfattarane, får vi møte Magnar Fjørtoft, fotograf og medialærar. Han har skrive «bibelen» innan digital fotografering; ei bok om digital fotografering som har vorte trykt i stadig nye opplag. No kjem han med bok om bildeforståing. Fjørtoft seier det er ei bok han ikkje har sett noko liknande av på marknaden.

- I ei visuell verd les og bruker vi bilde alle saman, og då er det viktig å vite noko om korleis bilda påverkar oss og korleis vi kan påverke andre med bilde.

Magnar Fjørtoft har skrive boka han ikkje har funne nokon annan plass; ei bok om bildeforståing og korleis bilda påverkar oss.  Foto: Presse

Tjørvågaren Christian Wiik Gjerde har formidla for barn i mange ulike samanhengar, med bøker, NRK Super og no som journalist i Framtida junior. Han gir ut ei juleforteljing i 24 lesestykke om eit nissedrama i ein kystby. Vil kjærleiken overvinne mørkret slik at det blir jul?

Tjørvågaren Christian Wiik Gjerde har laga nissedrama frå ein kystby. Dette er boka for høgtlesing i advent.  Foto: Presse

Litteratur og musikk

Namnet «Bok&Beat» lover at saman med bøkene skal det også vere musikk. I år er det songar og songlærar Torunn Sævik som bidreg med tonane mellom bokpraten.

Torill Myren leier bokbadet og skal intervjue forfattarane, og i pausen er det kaffi og litt bakst i tillegg til boksignering og høve til å kjøpe bøker.

Karete Johannessen og Karen Einan seier dei gler seg over å få formidle god litteratur i møte med god musikk.

- Det er stas å få bruke konserthuset også som litteraturhus og smelte saman fleire kulturtypar. Slik håper og trur vi at vi vil gi folk ein kjekk kveld med påfyll og leseglede.