Klart for den store kinodagen

Den første laurdagen i november kvart år er det Den store Kinodagen over heile Norge, og tradisjon tru blir det mykje liv på kinoen i Fosnavåg denne dagen

Askeladden i Soria Mora Slott er ein av filmene som vert synt fram i Fosnavåg under Den store kinodagen. 

Kultur


Film frå midnatt

For første gong startar vi allereie natt til laurdag med eit supertilbod til Avengers-fans. Då viser vi Avengers: Infinity War og Avengers: End Game i kinosalen. I konsertsalen viser vi IT: Chapter Two. Den siste filmen vil vere ferdig natt til søndag. Det betyr at det blir filmvisning i 26 timar, berre med eit lite opphald laurdag morgon. Totalt 12 visningar av 12 ulike filmar. Tidleg på laurdag er det først og fremst barne- og familiefilmar. Det skal visast to førpremierar på filmar som har premiere neste helg. Det er «Snekker Andersen og julenissen: Den vesle bygda som gløymde at det var jul» og «Terminator: Dark Fate»

Kinofrukost og aktivitetar for born

Som tidlegare tilbyr vi frukost i Restaurant Sjøkanten for alle som kjøper kinobillett denne dagen. Frukostbillett får ein kjøpt i Kinokiosken. Det vil bli konkurransar, rebusløp, servering av grøne vaflar før Brillebjørn-filmen og andre over- raskingar utover dagen. Mellom filmane Operasjon Mumie og Familien Addams er det ein time pause, og då vil det visast trailerar i kinosalen over filmar som kjem.

Her er nokre av filmane som skal visast:

Avengers: Infinity war

Etter ei ti år lang og unik filmatisk reise i heile Marvel-universet kjem no Marvel Studios med Avengers: Infinity War, tidenes ultimate og mest dødelege konfrontasjon. Våre Avengers-heltar må no vere villige til å ofre alt i kampen mot den mektige Thanos, før hans totale vondskap øydelegg heile universet vårt.

Avengers: End Game

Rekka av grufulle hendingar utført av Thanos utrydda halve universet og oppløyste Avengers. Nå blir dei attverande superheltane tvunge ut i eit siste oppgjer i den 22. filmen til Marvel Studios, «Avengers: Endgame».

IT: Chapter Two

Dette er oppfølgjaren til den kritikarroste skrekkfilmen IT. Kvart 27. år blir byen Derry heimsøkt av vondskap. I «Chapter Two» kjem karakterane – som har gått sine egne vegar – tilbake som vaksne, nesten tre tiår etter hendingane i den første filmen.

Askeladden i Soria Moria Slott

Den originale, norske actionhelten Espen Askeladd er tilbake! Denne gongen står enno meir på spel: Kongen og dronninga er forgifta, hans eigne brør er mistenkt for ugjerninga, og kongeriket er trua av framande sjarlatanar på jakt etter makt og rikdom. Saman med den fryktlause Prinsesse Kristin set han ut på ei farleg ferd på leiting etter det segnomspunne slottet Soria Moria og kjelda til Livets vatn – det einaste som no kan redde kongeriket. Askeladden – I Soria Moria slott er ein spenningsfilm for heile familien, med Vebjørn Enger og Eili Harboe i hovudrollene.

Brillebjørn på ferie

Endeleg er de minste borna sin favorittbjørn tilbake på kino, og denne gongen skal han på ferie! Brillebjørn og Julian drar på ferie, men det Julian ønskjer seg mest av alt er ein jamaldrande leikekamerat. Kan grøne vaflar eller fantasimagi hjelpe Julian å få ein ven? I filmen «Brillebjørn på ferie» møter vi Julian på fire år som skal på ein liten ferie saman med familien og sin gode ven og hjelpar Brillebjørn. Brillebjørn er ein kosebamse som blir levande saman med små barn og som kan hjelpe borna å overvinne hindringar ved bruk av fantasimagi som han klappar fram. Ta med dei minste på kino i selskap med snille og gode Brillebjørn, der det blir både dans og fantasimagi!

Snekker Andersen og julenissen (førpremiere)

Ei ny juleforteljing frå universet til Alf Prøysen, ein av våre mest kjende og kjære forfattarar. Snekker Andersen og Julenissen er tilbake og denne gongen må dei hjelpe vesle Elise med å redde jula før det er for seint.

Dette er historia om ei lita bygd. Den var omtrent som andre bygder sjølv om den låg ganske for seg sjølv oppi åsen. Folka som budde i bygda var omtrent som andre folk. Nokre var store og nokre var små, nokre menite ditt og nokre meinte datt. Stort sett som bygder flest, men når det gjaldt ein ting, var dei heilt like alle saman. Dei var så fæle til å gløyme. No er dei på veg til å gløyme det viktigaste av alt, nemleg jula!

Snekker andersen 

Operasjon Mumie

Operasjon Mumie er oppfølgjaren til Operasjon Mørkemann.

Når det kjem ei mumieutstilling til Elvestad, skjer ei rekke uforklarlege ulykker blant de tilsette ved museet. Det ryktast at museet er ramma av farao Tutankhamons forbanning. Er verkeleg den gamle myten årsaka til dei mystiske ulykkene eller finst det ei anna forklaring? Barnedetektivane Tiril og Oliver og sporhunden Åtto er på saka.

Frå Operasjon mumie 

De dødes tjern

Laust basert på romanen «De dødes tjern» av Bernhard Borge (Andre Bjerke) og altså ikkje ein remake av filmen frå 1958. Lillian sin tvillingbror Bjørn døyr på mystisk vis åleine ved den gamle familiehytta. No, eit år seinare, kjem Lillian og venene hennar til hytta for å ta farvel med og selje staden. Like etter framkomst begynner mystiske ting å skje. Lillian går i sømne og kan ikkje lenger skilje mareritt frå verkelegheit. Nokon eller noko jaktar på dei og til slutt dukkar liket av ein av dei opp.

Frå De Dødes tjern 

Terminator: Dark Fate (førpremiere)

Meir enn to tiår har gått sidan Sarah Connor (Linda Hamilton) forhindra Judgement Day, og med det forandra framtida og skreiv om menneska sin lagnad. Dani Ramos (Natalia Reyes) lever eit enkelt liv i Mexico City med sin bror og far då ein svært avansert ny Terminator, ein Rev-9 (Gabriel Luna), reiser tilbake i tid for å drepe henne. Danis overleving er avhengig av å slutta seg til Grace (Mackenzie Davis), ein forsterka supersoldat frå framtida, og krigsherja Sarah Connor. Rev-9 øydelegg omsynslaust alt og alle i jakta på Dani, og dei tre blir leia til T-800 (Arnold Schwarzenegger) som kanskje blir deira siste håp.

Frå The Terminator 

Joker

Ein mislykka standup komikar blir sinnssjuk og ender opp som ein psykopatisk mordar. Regissør Todd Phillips (The Hangover) har skapt ei original, frittståande historie som ikkje er sett på det store lerretet før.

The Hustle

Anne Hathaway og Rebel Wilson er to kvinnelege svindlarar. Ein av det lågare sjiktet, og ein med litt meir klasse. Då tilfeldighetene gjer at dei møtest og Penny (Rebel Wilson) oppdagar at ho kan oppgradere svindelen vil ho gjerne lære av Josephine (Anne Hathaway). Dei går saman om å svindle sleipe rike menn. Vil dei lykkast?

bjørn holum