Litteratur & Kviss på Madelynn Coffee

Oktober er her, og Herøy Mållag byd inn til sitt tradisjonsrike kveldsete på Madelynn.

Plateomslag: Marie Lovise Widnes « Gangdøra heime». 

Kultur

Som alltid er arrangementet lagt til ein torsdag, og i år heiter datoen den syttande.

Tema for kveldens program er «Nynorsk vinyl – frå slagersong til svartmetall», der Arild Torvund Olsen, leiar i Ulstein mållag, platesamlar og nynorskentusiast, i sitt kåseri går gjennom åtti år med nynorsk populærmusikk på plate.

Unge lovande Adrian Helde Remøy vil også bidra med eit lite knippe frå sitt repertoar av sjølvskrivne låtar og tekstar han har sett melodi til, alle sjølvsagt på morsmålet.

Etter programmet er det duka for ein ny omgang Kviss med varierte oppgåver. Så godtfolk, det er berre å allereie no setje saman høvelege lag på 3 – 4 deltakarar.

Madelynn har som vanleg noko godt på menyen, i kjend sørstatsstil. Bordtinging kan gjerast ved å ta direkte kontakt med Madelynn Cofee.

Fyldigare omtale av programmet og annonse kjem i ei lokalavis nær deg over helga. Arrangementet finn du også på Herøy Mållag si Facebookside.