Oskar Fjørtoft Sandanger satsar med eige humorkonsept i Oslo:

Det er «steikje løye»

Under namnet «Steikje Løye» har sandssokningen Oskar Fjørtoft Sandanger køyrt i gong sitt eige humorkonsept i hovudstaden, eit konsept han håpar kan vekse seg større med tida.
Kultur

– Ja, kva skal eg kalle det? Showet er ein talkshow-basert, improvisorisk humorkonkurranse med eit snev av musikalske element. Eller, skal vi berre kalle det humor-show? Ja, gjer det.