Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes:

Kjem til Fosnavåg torsdag

Frå Hver Gang Vi Møtes til Fosnavåg konserthus.

Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes: Pressefoto  Foto: Pressefoto

Kultur

I 2019 kunne ein sjå og høyre Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes som to av i alt sju medverkande artistar på eit av TV2 sine mest populære programkonsept «Hver gang vi møtes». I musikalske møter mellom Maria, Lars, Sol Heilo, Elisabeth Andreassen, Trine Rein, Tom Mathisen og Katastrofe, blei det skapt magi, nydelege musikalske opplevingar og gode samtalar.

For Maria og Lars var det gjensidig beundring for kvarandre som artistar som sådde tankar om eit musikalsk samarbeid, og ønsket om å gjere ein serie konsertar saman dukka opp.

Frå 1. mars 2019 har dei turnert, og møttest på scena gjennom eigne viser og andre songar som har betydd mykje for dei begge.

Konserten blir framført av Maria og Lars saman og kvar for seg, med eit felles band beståande av: Gitarist og musikalsk leiar – Bernt Rune Stray

Keyboardist og multiinstrumentalist – Stein Austrud

Perkusjonist – Marin Bremnes

Vi garanterer ei flott konsertoppleving for publikum i alle aldrar.

Om Maria Haukaas Mittet

Maria Haukaas Mittet er frå Senja og har lang bakgrunn som artist. I 2004 debuterte ho som plateartist, og hennar første album «Breathing» selde til gull. Oppfølgjarplata «Hold On Be Strong» kom i 2008 og selde også til gull etter berre tre veker.

Tittella°ta blei ein internasjonal hit etter femteplassen i den internasjonale Eurovisjonfinalen.

I 2011 spelte Maria inn juleplata «Lys Imot Mørketida» saman med Oslo Gospel Choir, der ho syng fleire låtar på eigen dialekt, og i 2014 gav ho ut sitt første norskspråklege album «HEIM». Plata blei ein stor suksess og inneheldt både eigenskrivne viser og andre sine på eigen dialekt, med grobotn i den nordnorske visetradisjonen.

Gjennom songar som «Folk i Husan» (Kari og Ola Bremnes), «Himmel i mella oss» og «Heim» har Maria funnet heim til musikken som ligg hennar hjarte nærast, og i 2015 stakk ho av med sigeren i TV-programmet «Stjernekamp», med ei vise frå nord, «Gjennom sorga går ein sang» (Halvdan Sivertsen). I 2017 og 2018 turnerte Maria også med sin eigen konsertframsyning «Jåla fra Lakselvnes», der 12 nordnorske viser blei fletta saman rundt eigne historier om oppvekst, einsemd og kjærleik.

Om Lars Bremnes

Lars er fødd i Svolvær og har vore busett i Harstad sidan 1997. Han debuterte med plata «Stjernesukkertøy» i 1994, og har sidan gitt ut sju album under eige namn. I tillegg har han også gitt ut to album med sine søsken Kari og Ola Bremnes. I 2000 og 2006 vann Lars Spellemannprisen, og i 2009 blei han tildelt Prøysenprisen. I 2015 slapp han albumet «Himmel nok tel alle», hans sjuande i rekka. Tittellåten låg nesten tre månadar på NRK P1 si A- liste.

Lars Bremnes jobbar no med ny plate og kjem i løpet av hausten ut med singelen «Elias». Mange har latt seg røre av songen om flyktningen Elias gjennom ein video på sosiale medium.