Lærte av kjendisane

Danseelevane i Herøy fekk seg ein boost då Raid, Rohan og Armand heldt workshop på Herøy kulturskule laurdag.

Danseworkshop: Instruktørane frå Oslo, Armand Nasiri, Rohan Raj Prabaharan Jr. og Raid Al-Idani, saman med nokre av dei eldste dansarane ved Herøy kulturskule.   Foto: Aina J. Eliassen

Kultur

Då danselærar Aina Eliassen spurde etter tilbakemeldingar (etter førespurnad frå Vestlandsnytt) på kva elevane syntest om danseworshopen i helga, fekk ho følgjande svar:

– Kjekt, sveitt, lærerikt, inspirerande, inkluderande, spennande, utfordrande, flinke å formidle, god energi, masse latter, stoltheit og meistringskjensle, morosamt ...

Med andre ord kan vi trygt slå fast at helgas danseworshop var ein suksess.

  Foto: Aina J. Eliassen

 

Kjende frå Norske Talenter

Ein av dansarane, Rohan Raj Prabaharan Jr. har vore i Herøy og halde danseworkshop før. I april sende han ein mail til Aina og spurde om å få kome igjen. Denne gongen saman med Raid Al-Idani, kjend frå gruppa «Juice Crew», som kom på 3.-plass i Norske Talenter i 2014. I tillegg har han jobba med barn og unge i mange år.

– Eg sa ja. Vi har jobba fram mot denne workshopen i lag med Karoline Velsvik Sivertsen og Rikke U. Remøy, seier Aina og held fram:

– Armand dukka opp som ein ekstra bonus – vi visste ikkje at han kom.

Det var litt av ei overrasking for dei unge dansarane. Armand Nasiri (17) er nemleg TV-aktuell for tida, med dansegruppa Quick Style Youth. Den 6. september kunne Noreg sjå han og dei andre tenåringane i gruppa danse seg til gullknappen i programmet Norske Talenter på TV2. Såleis går dei rett til semifinalen.

Elevane på «Gutedans» i lag med dansarane frå Oslo.  Foto: Aina J. Eliassen

 

Populært

50 elevar i «alle aldrar» var med på workshopen. Den eldste gruppa vart filma. Filmen, som er laga av Aina J. Eliassen, ser du her:

Workshop med Raid, Rohan og Armand from Aina J. Eliassen on Vimeo.