Flyhistorisk Verneforening skal løyse flyhjulmysteriet frå Kvalsvika

Flyhistorisk Verneforening kom med ein gong dei fekk nyss om kva som var i Kvalsvika. No skal dei avdekke historia kring eit mystisk flyhjul som har stått ved naustet til Lidvar Monsen.
Kultur

– Ja, dei var snare med å hive seg rundt då dei fekk greie på det. Det passar heilt fint at dei vil ha det. For meg har det vore berre skrot uansett. Det er betre at det får glede nokon og belyse viktig historie.