Fosnavåg konserthus med knallsterk konserthaust

Fosnavåg konserthus er så vidt i gang med haustprogrammet, og det er mykje godt som ventar utover hausten.
Kultur

I samarbeid med Thon hotel vil det også bli laga fleire pakkar der det er mogleg å kombinere framsyningar og konsertar med middag og overnatting. Her er ein del av programmet.

Heine Totland og Gisle Børge Styve: Musikk, folkens!

Sist Heine Totland og Gisle Børge Styve vitja Fosnavåg konserthus, fylte dei salen. Desse to har klart å etablere noko heilt spesielt. Utan eigentleg å ha gjort noko særleg meir saman enn å spele mange konsertar, har dei etablert eit stadig større og særs trufast publikum. Til saman har dei noko «magisk» som det er vanskeleg å sette ord på. Publikum er begeistra, og dei to vestlendingane gler seg over kvarandre og sitt publikum.

«Musikk Folkens» er ei musikalsk humorframsyning av høg kvalitet. Styve & Totland briljerer med sin musikalitet og evne til å få fram ein god latter i møte med publikum. Denne gongen er det musikalske bildet/uttrykket utvida i stor grad (tor. 12. september).

Hilde Louise Orchestra

Chic jazzdronning og stage cat kjem tilbake til Fosnavåg. Hilde Louise Asbjørnsen er ein av våre mest allsidige artistar; jazz chanteuse, låtskrivar, skodespelar, kabaretartist og tekstforfattar.

Ho blir ofte samanlikna med legender som Marilyn Monroe, Edith Piaf og Billie Holiday. Som musikar har ho gitt ut heile 11 kritikarroste album; mest med eigne, men også med andre sine låtar, både på engelsk og norsk. Hennar siste utgjeving, Red Lips, Knuckles and Bones, gitt ut via tyske Ozella Music, tok imot strålande tilbakemeldingar:

I 2015, 2016 og 2017 blei Hilde Louise si sjølvskrivne suksess-soloframsyning «The Lulu Show – Livet er en dans på renter» sett opp på fleire teaterscener i Oslo, samt i Grimstad og Stavanger. Framsyninga fekk terningkast 6 av Mona Levin i Aftenposten, og Hilde Louise vann Komiprisen som Årets Kvinnelege Scenekomikar. Framsyninga blei omsett til engelsk og sett opp under den internasjonale teaterfestivalen Edinburgh Festival Fringe i 2017, der den blei meld til 5/5 stjerner på Broadwaybaby.com.

Hilde Louise har lang erfaring frå teaterscena; sist i rolla som Emcee/Konferansieren i musikalen Cabaret på Oslo Nye i 2017 – første gong rolla blei spelt av ei kvinne i ei norsk oppsetjing (søndag 22. sep..)

This Was My Life - a tribute to Kim Larsen

I samarbeid med Thon hotel inviterer konserthuset til tributekonsert med «This Was My Life» som er eit Kim Larsen & Gasolin tribute band med base i Bergen. Dei tar deg med på ei musikalsk reise gjennom historia til Kim Larsen og Gasolin. I akustisk setting leverer dei det beste av hits som til dømes «Papirsklip», «Midt om natten», «This is my life» og «Hva gør vi nu, lille du». Vokalist og frontfigur Claus Pedersen er opphavleg frå København, så her er ingenting å utsette på kjennskapen eller dialekta når den eine etter den andre danske perla blir gjenskapt med herleg innleving og harmoniar. For dei som har billett til konserten, blir det fri inngang i Lobbybaren etter konserten, der Øystein Eckhoff er trubadur (laurdag 28. sep..)

Viser på veien - Maria Haukaas Mittet & Lars Bremnes

I 2019 kunne ein sjå og høyre Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes som to av i alt sju medverkande artistar på eit av TV2 sine mest populære programkonsept «Hver gang vi møtes». I musikalske møter mellom Maria, Lars, Sol Heilo, Elisabeth Andreassen, Trine Rein, Tom Mathisen, og Katastrofe, blei det skapt magi, nydelege musikalske opplevingar og gode samtalar.

For Maria og Lars var det gjensidig beundring for kvarandre som artistar som sådde tankar om eit musikalsk samarbeid, og ønsket om å gjere ein serie konsertar saman dukka opp.

Frå 1. mars 2019 har dei turnert, og møttest på scena gjennom eigne viser og andre songar som har betydd mykje for dei begge.

Konserten blir framført av Maria og Lars saman og kvar for seg, med eit felles band beståande av: Gitarist og musikalsk leiar Bernt Rune Stray, Keyboardist og multiinstrumentalist Stein Austrud, Perkusjonist Martin Bremnes.

Vi garanterer ei flott konsertoppleving for publikum i alle aldrar (torsdag 3. okt.)

Emilie Nicolas

Emilie Nicolas blei for alvor lagt merke til då ho slapp debutsingelen «Pstereo» i 2013. Kort tid etter følgde albumdebuten «Like I’m a warrior» (2014). Albumet gjekk til topps på VG-lista, blei kåra til årets beste norske album av Aftenposten og Emilie henta heim to Spelemannprisar i kategoriane «Årets nykommer» og «Årets popsolist». Bortsett frå debutsingelen, er alle låtane på albumet skrivne og co-produserte av Emilie sjølv og vitnar om eit breitt spekter av inspirasjonskjelder. Emilie er både pop, R&B og elektronika – servert med jazzen si følsemd.

Som følgje av sjukdom blei ho nøydd til å ta ein pause frå musikk og rampelys – heilt til 2017.

No er Emilie endeleg tilbake med full musikalsk kraft og nye konsertar. Hausten 2019 tar ho med seg bandet sitt til eit utval norske scener. Det er så avgjort duka for nok eit spennande og innhaldsrikt år for både nye og gamle Emilie Nicolas-fans (torsdag 17. okt.)

Bjørn Eidsvåg & Sigvart Dagsland

To av landets mest folkekjære artistar legg ut på turné saman. Denne laurdagen kjem Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland til Fosnavåg konserthus!

Dagsland og Eidsvåg har ei fartstid i bransjen på over 70 år til saman. Dei har begge opparbeidd seg unike posisjonar i norsk musikkliv og blir sett på som to av våre fremste artistar. No slår dei saman to omfangsrike låtkatalogar, og publikum kan dermed vente seg ei konsertoppleving for historiebøkene. Det er duka for ein stem -ningsfull, oppløftande og ikkje minst gåsehud-framkallande kveld (laurdag 2. nov.).

Julebord og konsert

I veke 46 startar julebordsesongen på Thon hotel Fosnavåg, og mange vel å kombinere årets julebord eller ein julemiddag med ein konsert eller framsyning i denne perioden. Det blir laga pakkar der ein kan kombinere konsert, show, middag og overnatting. Men ver tidleg ute, for desse pakkane forsvinn fort, ja kanskje nokon allereie er fullbooka.

Her er ei liste over dei arrangementa ein kan velje mellom vidare framover mot jul:

Måndag 4. nov.: Frikar: GotoGuta.

Laurdag 9. nov.: Kjetil Mulelid trio.

Onsdag 13. nov.: Music For a While.

Fredag 15. nov.: Elton John Tribute med Kjetil Grodås og The Mansfield Band.

Måndag 18. nov.: Snødronningen.

Fredag 22. nov.: Mot Jul.

Fred 29. nov.: Desemberstemninger.

Onsdag 4. des. : Evig Søndag av Linnea Myhre.

Torsdag 5. des.: Hanne & Tre Tenorer …. og et stjerneskudd!

Fredag 6. des.: Ina & Ørjan Show luktar på julegløggen.

Laurdag 14. des.: An American Holiday with Adam Douglas.