Gerd Vik Flø fyller 70 år: Feirar med støttekonsert

– Eg vil bruke dagen til å promotere arbeidet til Barneheimen Suwalkis venner (BSV).
Kultur

Det seier Gerd Vik Flø, som fyller 70 år 11. september. Gåver vil ho ikkje ha – iallfall ikkje til seg sjølv. Ho vil i staden at flest mogleg skal gi eit bidrag til organisasjonen ho har vore med i i snart 30 år, og som ho har leia sidan 1994. Éin måte å gjere det på er å kome på konserten ho arrangerer i Ulstein kyrkje søndag 8. september.